3.3. Støvfjernar

3.3.1. Oversyn

Dette filteret blir helst brukt for å fjerne støvflekkar og riper på eit skanna foto, men kan også fjerne moiré-mønster på bilete skanna frå t.d. eit blad. For å unngå uventa effektar på resten av biletet, må du isolera defektane før du bruker filteret.

3.3.2. Activating the filter

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Forbetra → Støvfjernar

3.3.3. Innstillingar

Figur 16.22. Innstillingane for filteret “Støvfjernar”

Innstillingane for filteret Støvfjernar

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner forandringane før du legg dei inn i biletet.

Median
  • Tilpassa: Dersom denne er aktivert, blir radius for innhaldet i biletet eller utvalet bestemt ut frå eit histogram. Glidebrytaren Radius er i så tilfelle ikkje aktiv. Denne innstillinga gir som oftast eit betre resultat enn når du stiller inn radius for hand.

  • Rekursiv: Dersom denne er avmerka, blir filteret køyrd fleire gonger for å forsterka verknaden.

Radius

Radius: Her bestemmer du kor stort område filteret skal verke på. Skalaen går frå 1 (3 × 3 pikslar) til 20 (41 × 41 pikslar). Brytaren verkar ikkje dersom det er merka av for innstillinga Tilpassa.

Svartnivå

Svartnivå: Fjernar pikslar som er mørkare enn innstillinga på denne glidebrytaren (0-255).

Kvitnivå

Kvitnivå: Fjernar pikslar som er lysare enn innstillinga på denne glidebrytaren (0-255).